Forsiden

Seminarer og bibeltimer
- glimt fra skjærgårds´11
Frokostkonsert
- glimt fra Skjærgårds´11
Etter 3,5 år med lite action her på Jay starter vi nå med nytt pågangsmot.
Sjekk ut denne fantastiske sangen fra Chris Tomlin :-) (lagt ut fra YouTube)
Bli med Jay på TenOase i Fredrikstad. Det blir gøy! Dette må du ikke gå glipp av.
Reisefeber, elg og Non StopUngdomane på folkehøgskulen siktar på verda. Frå venstre: Dag Atle Skår, Katarina Heggebø, Ina Beate Håheim og Heidi Matre. Foto: Eleni Maria Stene

Reisefeber, elg og Non Stop

IKF, Eleni Maria Stene,
2006-02-23
Ekstrem reiselyst gjorde at Dag Atle Skar frå Hardanger hamna på Borgund Folkehøgskole på Sunnmøre. Der lærer han om Nord-Amerika, et sveler og har selskap med ein elg i dusjen!
Eksotiske reiser
Ville fantasiar kan bli verkelege på ein folkehøgskule. For Dag Atle og medelevane Ina Beate Håheim frå Etne, Heidi Matre og Katarina Heggebø frå Ølen handla framtidsdraumane i stor grad om reiseliv.
- Vi hadde lyst til å gjere noko heilt annleis etter vidaregåande skule og å reise til Nord Amerika og Australia verka kjempefreistande fortel dei aktive 19-åringane.

Dag Atle og Heidi går på linja "Nord-Amerika" og dreg til landet "over there" i februar. Der skal dei mellom anna besøke New York, Washington, Grand Canyon, og San Francisco. Etter kvart tek dei også turen innom Canada.
- Gjennom heile året har vi ein dag i veka der vi lærer om Nord-Amerika. Både historie, kultur og politiske hendingar er tema. Dess meir vi lærer, dess meir får vi lyst til å reise, seier Dag Atle og Heidi.

Ina Beate og Katarina gler seg veldig til å dra til andre sida av jordkloden, nærare bestemt Australia. Dei lærer også mykje om historie og kultur, og spesielt om aboriginerane.
- På sjølve turen blir det også mykje tid til ekstremsport som bushwalking, surfing og kanskje strikkhopp. Det blir kjempespanande, synest jentene.

Nokre ville dyr blir det kanskje også høve til å sjå på reisene. Førebels er Dag Atles plastikkelg i dusjen det mest eksotiske på skulen.
- Elgen gjer nytta som sjampo og såpehaldar, fortel ungdomen frå Hardanger med eit humoristisk glimt i augo.

Ingen middagskvil
- Tidlegare i haust har vi vore på selsafari, øyhopping mellom sunnmørsøyar og pilgrimstur til Nidaros. Så var 52 av oss på hyttetur på ei hytte der det romma 27. Då blir vi både fort kjende med kvarandre og må tole nokre kular i hovudet, meiner elevane og ler.
- Dette er ikkje noko gamleheim akkurat. Vi må tole eit aktivt program, og det å ikkje sove middag på ettermiddagen, meiner Dag Atle, men klarer ikkje å skjule eit lite gjesp.

Sveler og strikketøy
God mat og gratis internett er noko elevane trekkjer fram som viktig i kvardagen.
- Variert mat, godt brød og fisk to gongar i veka er kjempebra. Svelene er dessutan kjempegode, seier elevane som ikkje har tal på kor mange sveler som har å gått ned i løpet av hausten. Strikking har også blitt mote igjen, og det herskar innimellom reine 80-talstemninga på skulen. Nokre elevar nyttar eit ledig minutt eller to til å dra opp strikketøy eller heklekrok.
- Vi har strikke, sy og hekleklubb på skulen. Gutane er dei mest ivrige, avslører Heidi.

Non Stop Gud
Borgund Folkehøgskole er ein kristen folkehøgskule eigd av Sunnmøre Indremisjon. Dei tilsette på skulen er både engasjerte og oppfinnsame når det gjeld formidlinga av kristendom på skulen. Det har elevane ingenting imot.
- Det er heilt topp å gå på ein kristen folkehøgskule. Vi får velje fritt kva vi er med på. Eit av dei mest populære gruppeseminara her er "Non Stop Gud". Der et vi is og Non Stop og diskuterer ulike emne knytt til Gud og religionsspørsmål, fortel ungdomane.
- Så lærer vi litt om kristendomen på fellessamlingane midt på dagen. Såpass kristendomskunnskap trur eg berre alle norske ungdomar har godt av!, tilføyer Dag Atle.

For livet
- Klisjeen om folkehøgskule er sann. Dette er verkeleg eit år for livet, avsluttar ungdomane på Borgund Folkehøgskole.
Rangér:

© 1997-2011 Kommunion as
Jay.no og Kristen.no er varemerker for Kommunion as
Alle artikkel og bilder er gjengitt med tillatelse fra de respektive opphavsmenn. Gjengivelse tillatt kun etter forespørsel. For mer informasjon om copyright, se "om oss ".
Alle Bibeltekster er © copyright Det norske Bibelselskap 1978/85/2005 med mindre annet er oppgitt.
Redaktør: Susanne Bjorvand Ansvarlig redaktør: Anders Torvill Bjorvand
Webutvikling: Kommunion as

Powered by Cornerstone