Forsiden

Seminarer og bibeltimer
- glimt fra skjærgårds´11
Frokostkonsert
- glimt fra Skjærgårds´11
Etter 3,5 år med lite action her på Jay starter vi nå med nytt pågangsmot.
Sjekk ut denne fantastiske sangen fra Chris Tomlin :-) (lagt ut fra YouTube)
Bli med Jay på TenOase i Fredrikstad. Det blir gøy! Dette må du ikke gå glipp av.

Jesus Freak

Tennebø, Vegard
2003-01-12
Det var ungdomstreff på Fjordly, leirplassen vår i Nordfjord. Denne gongen meinte eg at vi for alvor var vel utstyrt til å ha tidenes leir. Vi mangla liksom ingen ting.
Alt du kan tenkje deg av teknisk utstyr var på plass. PC, projektor, stort lerret på veggen, full PA-rigg og eit komplett band av dyktige musikarar. Vi hadde videomaskin og digitale kamera. Vi hadde stabla på beina eit knallbra leiarteam og utarbeida eit, til fingerspissane, gjennomtenkt program. Påmeldingane strøymde inn og forventningane mine var, mildt sagt, skyhøge. Eg tenkte at p.g.a av alt dette "stæsjet" ville folk komme til å ha det heilt topp!

Ingvar Isene frå Norsk Misjon i Øst var med oss og skulle ha bibeltimar. Fordi han jobba i den organisasjonen han gjorde, ville vi setje litt fokus på den lidande kyrkja. Dei menneska som vert forfølgd for å tru på Jesus, og som risikerar livet ved å ha ei kristen vedkjenning.

Eg var berre sånn passe nøgd med forslaget om å flytte eine kveldsmøtet vekk frå møtesalen med alt det tekniske utstyret og ned i ein enkel og kald kjellar utan noko som helst i. Berre eit nake betonggolv å sitte på, og eit stearinlys og eit laken til pynt. Skikkeleg stusseleg, med andre ord!! Eg var skeptisk. Kvifor gidd vi dette? Vi har jo så masse anna? Dette var farvel til lovsang med trøkk i og trygge rammer og eit teknisk vedunder hinsides det vi nokon gong hadde hatt før! Eg ville protestere, men eg gjorde det ikkje. Seinare, eller no i ettertid, ser eg at Gud var i ferd med å lære meg, og andre, ei viktig lekse.

Jungeltelegrafen går
Vi gav beskjed, på ekte jungeltelegrafs vis. Vi kviskra til kvar enkelt som var på leiren at dei klokka 20.00 måtte liste seg ned i kjellaren, for der skulle vi ha møte. Streng beskjed vart gjeven om at dette måtte for ein kvar pris haldast hemmeleg. To av leiarane gjekk rundt og stilte innpåslitne spørsmål. Det vart ei viss uhygge. Mange vart usikre. Kva skjer? Møtet starta. Og veit du: "Ånden" var der med det samme! Vi kviskresong "Navnet Jesus" og "Jeg løfter mine øyne opp til fjellene". Vi hadde ingen instrument og ikkje noko materielt i det heile, men Jesus var der. Eg hadde ei kjensle av å synge stille rett inn i øyrene hans. At Han såg kvar tanke, kvar rørsle og kvart eit blunk i augo mine. Han var der, og eg fekk vere der, og alle visste: Jesus er ekte. Eg ville ikkje byta vekk denne stunda med noko. Ingen diger konferanse eller lovsongstund med fullt band kunne vore betre. Det er Jesus det handlar om!

Kvifor følgjer du Jesus? Er det fordi det er så kult på leirane du har vore på? Er det fordi ungdomsarbeidaren på din stad lagar til stilige ting å vere med på? Er det miljøet og alt "stæsjet"?

På eitt spesielt tidspunkt i Jesu liv var det mange som gjekk frå han. Dei ville ikkje vere med han meir. Kvifor? Jo, fordi han plutseleg stoppa å gjere under, og han sa mange ting som ikkje akkurat klødde i øyra deira. "Dette er jo ikkje kult lenger. Ikkje spennande, ikkje gjevande. Vi går heim. Her er det ingenting å hente." Kva ville du ha gjort om mange av dei kule "kristne" tinga forsvann?

Joh 6,67-69

Då spurde Jesus dei tolv: "Vil de òg gå bort?" Simon Peter svara: "Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage."

Bare Jesus
Jesus vil det berre skal vere han. Han vil vere den einaste grunnen for at vi følgjer etter han.

Kvifor er nokre viljuge til å gjennomgå tortur og kanskje ende opp med å verte myrda for Jesu skuld? For då er ikkje ting så kult lenger, det er heilt sikkert. Dei kan ikkje gje nokre andre grunnar enn at å fornekte Jesus, det er uaktuelt. Dei følgjer han for hans eiga skuld. Dei er ekte Jesus-freakar.

Visste du at fleire vert torturerte og drepne for trua si no enn nokon gong tidlegare i historia? Og visste du at dei reagerer på akkurat same måten som dei første martyrane gjorde det, dei vi les om i Bibelen? Dei ber for dei som torturerar dei, dei velsignar sine bødlar og held fast på trua i full forvissing om, ja, ei himmelsk glede, for dei veit dei snart skal få møte Jesus, ansikt til ansikt.

Vi som lever i Noreg i dag treng ikkje forholde oss til om vi er viljuge til å døy for trua vår. Mitt spørsmål til deg er derfor: Er du viljug til å leve for trua di, for Jesu eiga skuld?
Rangér:

© 1997-2011 Kommunion as
Jay.no og Kristen.no er varemerker for Kommunion as
Alle artikkel og bilder er gjengitt med tillatelse fra de respektive opphavsmenn. Gjengivelse tillatt kun etter forespørsel. For mer informasjon om copyright, se "om oss ".
Alle Bibeltekster er © copyright Det norske Bibelselskap 1978/85/2005 med mindre annet er oppgitt.
Redaktør: Susanne Bjorvand Ansvarlig redaktør: Anders Torvill Bjorvand
Webutvikling: Kommunion as

Powered by Cornerstone