|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Er Gud treg???2003-01-04 Eg er blant dei som til tider synest han er det. No for tida har eg eit vanskeleg val eg må ta. Eg har bedt til Gud mange gonger, men eg saknar eit svar. Ikkje har eg høyrt ei stemme, ikkje har eg sett svaret hans skriftleg på veggen eller andre stader. Det har heller ikkje komme til meg eit ord frå Bibelen som kunne vera hans svar til meg. Eg har prøvd meg litt fram i fleire retningar, ingen er uaktuelle, men ingen er heller kjempeaktuelle.
Det er som dører står på klem; ingen er lukka, men ingen er heller opne. Kor skal eg så gå inn? Eg synest til tider Gud er treg. Dei siste åra har eg opplevd ting som har fått meg til å be Gud om eit under, utan å ha opplevd den store responsen. (Det er vel eit under at Gud held ut med meg). Av og til kjenner eg det som når eg snakkar til dottera mi på tre år. Det er ikkje alltid ho vil høyra. Det er utruleg irriterande å snakka til nokon som berre ikkje gidd å svara deg. Slik opplever eg det med dottera mi av og til og eg kjenner det slik i forhold til Gud også. Det er faktisk verre med Gud. Dottera mi kan eg gå bort til, pikka på skuldra og sei:"hallo, eg prøver å få kontakt!" Det synest eg ofte er vanskeleg med Gud. For ikkje lenge sidan las eg historia om Na`aman, Aramearkongen sin hærførar som drog til profeten Elisja for å bli frisk frå ein hudsjukdom. Det står i 2 Kongebok kapitel 5. Her tek eg med v. 9 - 14. (Les gjerne heile kapitelet). "Så kom Na`aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja. Elisja sende ut ein mann som skulle seia: "Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein." Då vart Na`aman harm og for sin veg. Han sa: "Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen. Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?" Så snudde Na`aman om og for bort i fullt sinne. Men tenarane hans kom til han og sa: "Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!" Så gjekk Na`aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein små gut, og han vart rein." Er Gud treg? Eller er eg treg? Na`man trudde at profeten og Gud skulle gjera noko for han, på ein respektfylt måte. I staden blei han beden om å gjera det sjølv, ja profeten gadd ikkje ein gong gå ut av huset og sei det til han sjølv, han sende ein annan i staden. Og det han blei beden gjera var noko som verka tåpeleg. Faren for å bli latterleggjort var heilt klart til stades. Eg skjønar godt Na`aman sin reaksjon, ja eg kjenner meg igjen i den. Eg likar ikkje å bli behandla respektlaust i andre sitt nærvær, og eg likar i alle fall ikkje å bli latterleggjort i andre sitt nærvær, men det var altså dette som skulle til for at Na`aman skulle bli frisk. Når du ber til Gud om hjelp i eit val og ser to mulige løysingar, er du open for at Gud har ei tredje løysing? Når du ber Gud om eit under, er du klar for å delta aktivt sjølv? Dersom det er fare for at du dummar deg ut, er du framleis villig til å gjera det? Eg må innrømma at eg strevar her. Både når det gjeld å vera open for andre løysingar enn dei eg ser,og det å vera villig til å dumma meg ut for Jesus. Det dreiar seg om kven som skal vera Herre i mitt liv. Kven er Herre i ditt liv?
© 1997-2011 Kommunion as |
|